Knut liten og Sylvelin

Gaate

Composición de: Trad Fra Telemark
Kongjen og Knut Liten dei sat ivi bord,
- Iselilja
Dei tala så mange dei skjemtande ord.
- Så såre syrgjer Sylvelinn fyr lisle Knut i Løyndom

"Høyrer du Knut liten, hot eg spør`e deg:
lyster du skifte dei folar med meg?"

"Ja, skò eg skifte dei folar med deg: 
Så vil eg hava dotter di i bytte, eg"

"Skò kje mi dotter bli be`re gift, 
hell ho skò gange i hesteskift."

Knut liten seg reiser frå kongjens bord:
"Å visseleg skò eg hevne dei ord!"

Han klappa på dynni med hanskar på hand:
"Du kjenner vel Knut liten, din festarmann?"

"Her sit´e du kongje drikk`e mjød og vin,
Knut liten han søv`e med dotteri di."

Kongjen let ropa ivi heile sin gård:
"Kle dikkon, hovmenn, i brynjune blå."

Knut liten hoggje til han gjordest mod,
til blodet det sto ivi sylspente sko.

Knut liten han kom seg ri`and i gård,
kongjen ute fyr honom står.

"Knut liten, du stiller ditt sylvbugne sverd,
eg gjeve deg mi dotter, du er henne verd."
Página 1 / 1

Letras y titulo
Acordes y artista

restablecer los ajustes
OK