Attergangar

Cor Scorpii

    Continúa después del anuncio

    Ut i skogen ligg eit lik
    I mørkret ligg
    mi byrde og mitt svik
    Mitt svik, i evig mørke

    Framsyn om vanry, framsyn om skam
    Eg bar deg ut, mitt kjære barn
    Mitt kjære barn, fødd i dølgsmål

    Sviken, ofra, drepen, ikkje fekk eg leva
    For all tid fanga i skuggane si famn
    Aldri fekk eg læra, aldri fekk eg elska
    Alt vart teke frå meg, men hat og harme voks
    Lys og håp svunne og skjebna forsegla
    Eit liv blant dei daue med uro i sjela.
    Ord om det som hende, ord om hemnens time
    Vinden spreier soga mi til fjern og nær

    Continúa después del anuncio

    Opp frå grava eg meg tvang
    Drive av tankar om hemn
    Frå jord har eg kome og til jord skal du bli
    Utburden har vakna til liv.

    Lenge har eg leita etter ho som gav meg liv
    Ei bør på ryggen til vandrarar forbi.
    No er ferda over eg ser deg i det fjerne
    Tida er inne, ein mordar myrdast skal.

    Eg angrar bittert på mitt val
    Eg ville aldri gje deg smerte.
    I mine draumar eg ser at du kjem
    For å skjenke meg mi straff
    ...som eg attrår.

    Información de la canción

    Composición:

    ¿Los datos están equivocados?

    Enviar revisión

    Canciones relacionadas