Snø Og Granskog

Darkthrone

    Continúa después del anuncio

    Tale om heimsleg –
    Snø og granskog
    Er heimsleg

    Frå første stund
    Er det vårt
    Før nokon har fortalt det
    At det er snø og granskog
    Har det plass i oss
    Og sidan er det der
    Heile heile tida

    Meterdjup fonn
    Kring mørke tre
    Det er for oss!
    Innblanda i vår eigen ande
    Heile heile tida
    Om ingen ser det
    Har vi snø og granskog med

    Continúa después del anuncio

    Ja lia med snøen
    Og tre ved tre
    Så langt ein ser
    Kvar vi er
    Vender vi mot det

    Og har i oss ein lovnad
    Om å koma heim
    Koma heim
    Gå borti der
    Bøyge greiner
    –Og kjenne så det fer i ein
    Kva det er å vara der ein høyrer til

    Heile heile tida
    Til det er slåkt
    I våre innlandshjarte

    Información de la canción

    Composición: Tarjei Vesaas

    ¿Los datos están equivocados?

    Enviar revisión

    Canciones relacionadas