Lykkejegaren
Elvarhøi
Continúa después del anuncio
Han så dei vakre utpostane
Dei stolte og majestetiske fjell
uberørt av menneskanes herjing
usett av andre enn han selv
Vil den reine lufta bli reinare?
Dei solblanke dagar bli lysare?
Stjerneblanke netter bli vakrare?
Eller ville dei døy?
Continúa después del anuncio
Dag etter dag og natt etter natt
aleine i kulde, vind og regn
i denne dal renn det så frisk ein strøm
her skin det så sterk ein sol
Her bodde han, her bodde ulv og gaupe
Han kjende kvart tre og mosegrodd stein
Men under landskapets ytre åsyn
han kjende eit hjarte av gull