Continúa después del anuncio

    Ho ferdest ut mot havet
    Stormen fylgjer på
    Regnet stryk mot kinna
    Men ingen her kan sjå
    At under yverflata
    Druknar ho eit kor
    Sjølv om ho kan høyra kvart eit ord

    Ho talar med dei vonde
    Gøymd under torevêr
    Ingi sjel fær sjå no
    Kva det er ho ser
    Og ingen når å finna
    Henne der ho er
    Ho døl ljoset rundt seg når ho fer
    Stundom er ho faren langt frå her

    Ho ser eit rom i verdi
    For dei som ei slår rot
    Inkje er for mykje
    Havet tek imot
    Kan henda ein må leva
    Med stormen slik han er
    For han vil fylgja med deg der du fer
    Ho lyt segla sjølv om der er skjer
    Når du stend i stormen vert du blind
    Men ein kan ikkje segla utan vind

    Continúa después del anuncio

    Aah aah

    Rett under yverflata
    Kan ingen sjå du gret
    Du seglar ut på havet
    Ingen kan høyra deg

    Rett under yverflata
    Kan ingen sjå du gret
    Du seglar ut på havet
    Ingen kan høyra deg

    Información de la canción

    Composición:

    ¿Los datos están equivocados?

    Enviar revisión

    Canciones relacionadas