Blæster

Lumska

    Continues after the ad

    Kong Olav den heilage skuklle byggje spir
    på Domen i Nidaros by
    han greidde det ikkje og lova sola til den
    som fekk spiret til å rage mot sky

    Men trur du at nokon melde seg?

    Berre ei halv mil frå byen
    på Ladehammaren ut
    der budde ein diger jotne
    med namnet som einaste sut

    Skal tru om den jotnen melde seg?

    Han tykte den løne var gjev og gild
    så jobben den ville han ha
    men kongen måtte vere snill
    og namnet hans inni seg ha

    Slik gjekk det at jotnen melde seg

    Continues after the ad

    Og jotnen jobba både dag og natt
    til spiret stod der i glans
    han drøymde om kongens digre skatt
    snart skulle sola bil hans

    Skal tru om den kongen angra seg?

    Ved midnatt rodde han Olav av stad
    til Kjerringberget i båt
    gygra roa barnet ned
    for å stanse den barnegråt

    Kva var det han høyrde Gygra si?
    "æ lova dæ sola - det himmelske gull
    så snart han Blæster e' fri
    for arbeid på spiret te' Domen - i rette tid"

    Skal tru om den kongen angra seg?

    Olav rodde heim av all si makt
    han måtte til Blæster sjå
    forutan ein knapp var spiret lagt
    han var nesten ferdig med det

    Skal tru om den kongen angra seg?

    Kong Olav den heilage ropa ut:
    "Blæster korr flink du e'"
    straks jotnen høyrde namnet sitt
    han døydde og ramla ned

    Skal tru om den kongen fryda seg?

    Song details

    Composition:

    Did you see an error?

    Enviar revisão