Hugferdi

Solefald

    Continues after the ad

    Hugferdi

    Kvifor alt hatet
    det undrast eg på
    Vreiden og sinnet
    for noko som gjekk gale

    Eg er ikkje betre
    Det syd i sjeli
    Eg ser ingen ende
    Arvesynd vert det kalla

    Den giftige gåva
    frå faren år sonen
    Slik hev det vore
    men det må ikkje vera

    Continues after the ad

    I hugstolen ligg bergingi
    hjå han som lækjer sjeli
    Den er ikkje sterk
    som berre kann neitte

    Den stend ikkje stødt
    som aldri stend åleine
    For å kjenne seg sjølv
    må ein skoda inn i hugen

    Godlyndt er eg ikkje
    men klårsyndt vil eg kallast
    Eg segjer kva eg såg
    lag på lag med hat

    Og nedst der ligg sorgi
    Mange tåror hev eg gråte
    for kvende og for vener
    for dei gamle som fór

    Eg sit i himmelromet
    Argentina under meg
    stjernone yver meg
    Det er skya i sjeli

    Song details

    Composition: Cornelius Jakhelln and Lazare Nedland

    Did you see an error?

    Enviar revisão